onsdag 22. september 2010

Kva kan eg gjera for å bli betre i nynorsk?

Eg syntes sjølv at eg ikkje er så veldig god i nynorsk. Det kan vere fordi eg ikkje ser noka grunn i å kunne nynorsk, at eg ikkje er motivert nok. Då lurer eg på kva eg kan gjere for å bli meir motivert slik at det kan påverke karakteren min positivt.

Til eksamen i tiande kom eg opp i norsk og nynorsk, så kvelden før nynorsk eksamen begynte eg å lese i ei nynorsk bok, "Englefjes" av Ingelin Røssland. Eg trudde aldri at eg skulle fortsetje å lese i den etter eksamen, men fordi han var så spennande gjorde eg det. Eg likte forteljinga så godt at eg gløymde at boka ikkje stod på bokmål, men på nynorsk. Eg greidde meg bra på eksamen og eg sukka (faktisk) ikkje neste gong vi hadde nynorsk på skulen.

Ein annan måte eg kan lære nynorsk på, som kanskje ikkje er kjedeleg og umotiverande, kan vere å sjå på nynorsk TV. Eg kan ha på nynorsk tekst, og berre sitje å sjå på. Det verker litt spesielt, men alt er vel betre enn å sitje med ei bok å pugge seg i hjel på gloser!

1 kommentar:

  1. det med å ha nynorsk tekst når du ser på tv virker som en god ide! :) og å lese skjønnlitterære nynorske bøker er nok også en veldig fin måte å lære på! :)

    SvarSlett